Søk roen på Aker-bussen

Kvar morgon og ettermiddag går Aker-bussen. Den er gratis. Den stoppar oppe på Bleikjehaugen, nede ved Eldøyvakta og ved Velferdsbygget. Hopp på, og sov, høyr podkast eller sjå ut vindauga medan ein smilande sjåfør køyrer deg dit du skal.

Om Aker-bussen

Aker-bussen vil ha tre avgangar morgon, og tre avgangar om ettermiddagen. Det er lagt opp til fire ruter som bussen køyrer for å hente opp tilsette. Alt du treng å gjere er å vise adgangskortet ditt. Bussen stoppar på alle busstopp langs vegen.

Obs! Fram til midten av juni vil ikkje bussen kunne stoppe ved Velferdsbygget grunna vegarbeid.

Etter ein innkøyringsperiode vil det bli gjort ei evaluering av avgangstider og rutetider.

Våre bussruter

FAQ

  • Aker-bussen har fire ruter som den køyrer. Ei som startar i Øklandslio, ei som startar på Vikanes, ei som startar på Svortland, og ei som startar i Hornelandsvågen.

  • Bussen stoppar ved Velferdsbygget, ved Bleikjehaugen, og nede ved Eldøyvakta.

  • Ja, bussen stoppar på busstopp langs ruta.

  • Nei, du treng berre å vise adgangskortet ditt.

  • Ja, både personar med gule og kvite kort får fri adgang.

  • Det vert arbeidd med å finne ei løysing på dette.

  • Du registrerer dette i Mia Health-appen som du kan laste ned gratis frå App Store. Meir info kjem!

  • Ja. Når du registrerer i appen at du har tatt buss, eller gått/sykla til jobb, - blir du med trekninga av eit gåvekort til ein verdi på kr. 5000,- og 2.500,-. Trekning av vinnarar kvar månad!

  • Me prøver å få til ei mest mogleg effektiv rute for flest mogleg, slik at ein brukar kortast mogleg tid på å reise. Rutene og tidene vil bli evaluert etter ein innkøyringsperiode.

  • Ja, men du må stå på et busstopp langs ruta.

  • Ja, sjølvsagt, - så lenge barnet er i følgje med ein vaksen.