Kom deg til jobb for egen maskin!
Aker Solutions vil gjera det enklare for deg å kome deg til jobb utan bil. Ikkje berre for å sleppa parkeringskaos, men for helsegevinst, hjerne-gevinst, mindre-trafikk-gevinst og betre-miljø-gevinst.
Om kampanjen
Med tanke på helse, berekraft og stigande utfordringar med parkeringsplassar, ynskjer Aker Solutions å inspirere og engasjere fleire av oss til å gå, sykle, samkøyre eller ta buss til jobb. Målet er at færre av oss skal trenge parkeringsplass.
I løpet av våren og sommaren set me i gong ei rekkje tiltak for å oppfordre alle ansatte til å la bilen stå att heime, og at du heller kjem deg til jobb for egen maskin ved å gå eller sykle, sitte på med ein ven eller ta Aker-bussen.
Og nettopp Aker-bussen er det første tiltaket me set i verk.
Registrer reisa di og ver med i premietrekning!
-
Gå eller jogge
Går du til jobb? Då er du på det kanskje høgaste nivået. Fortset slik, og gå på!
-
Sykle
Spreke syklistar får no flett nye sykkelgarasjar ved Bleikjehaugen, og gratis reparasjon i Utlånsbua. Det kjem fleire sykkelgarasjer etterkvart.
-
Samkøyre
Køyrer du saman med ein ven eller fleire, sparar du både parkeringsplassar og trafikkaos. Ypperleg!
-
Aker-bussen
Aker-bussen har fire ruter som den køyrer. Ei som startar i Øklandslio, ei som startar på Vikanes, ei som startar på Svortland, og ei som startar i Hornelandsvågen.
Kva gjer Aker Solutions?
Me lanserer Aker-bussen
Aker-bussen har tre avgangar om morgonen, og tre om ettermiddagen. Den køyrer fire ruter og stoppar på alle busstopp langs vegen. Aker-adgangskortet ditt fungerer som bussbillett.
Sjå kart og bussrutene her.
Premiering
Bruk beina, sykkelen, Aker-bussen eller sit på med ein ven – og vinn fin-fine premiar! Kvar gong du registrerer reisa di er du med i trekninga. Du kan vinne i fleire kategoriar, og er du blant dei som går eller syklar aller mest, er du med i ei ekstratrekning. Gåvekort på 5000,- og 2500,- ligg i potten. Trekning kvar månad!
Registrering går føre seg i helseappen Mia Health, frå 21. mai.
Mia Health
21.05 lanserer me ein ny app: Helseappen Mia Health. Den vil du finne i App Store, og du får den gratis av oss. Du får snart meir informasjon om dette, men det er altså i denne appen du registrerer aktiviteten din. I tillegg er det ei rekke andre nyttige funksjonar i appen. Stay tuned!
Ny sykkelgarasje
I løpet av veke 21 kjem det to nye sykkelgarasjar ved Bleikjehaugen. Her kan du parkere sykkelen din. Etter kvart kjem det fleire sykkelgarasjar ved dei største og mest brukte portane på verftet. Adgangskortet ditt fungerer som nøkkel til sykkelgarasjen.
Poffa? Besøk Sykkelfix!
Ved Utlånsbua kan du få sykkelen din fiksa gratis, om du treng. Alt frå lapping av dekk og kjedefiks til meir kompliserte operasjonar. Sykkelspesialist Stein Bråthen vil vera behjelpeleg tirsdager og torsdager frå kl. 09–12.
Aker-bussen
Kvar morgon går Akerbussen frå Øklandslio, Vikanes, Svortland og Hornelandsvågen. Bussen er gratis, og stoppar oppe på Bleikjehaugen, nede ved Eldøyvakta og ved Velferdsbygget. Hopp på, og sov, høyr podkast eller sjå ut vindauga medan ein smilande sjåfør køyrer deg dit du skal.